Assistent
Pedagogisk leiar
Assistent
Assistent
Assistent
Styrar
GOD SOMMAR!
Det nærmar seg sommar og ferietid. Barnehagen tek sommarferie i veke 28, 29, 30 og 31. Fram til då håpar me på mange fine sommardagar som me kan nyta saman med borna i barnehagen. Fyrste dag etter sommarferien vert mandag 8.august. Nytt barnehageår startar 15.august, og oppstart for dei nye borna skjer frå 16.august.
Det har vore eit innhaldsrikt og kjekt barnehageår. Arbeidet med satsingsområdet vårt innan matematikk, ”1-2-3, alle er med. Ute og inne svar vil me finne”, har gitt oss mykje og ny inspirasjon, slik at me held fram med samme satsingsområde barnehageåret 2011/2012. Fokus på det å vera mykje ute, turar med og utan medbrakt niste/mat, matlaging i det fri, og det å henta fram gamle mattradisjonar vil fortsatt vera ein viktig del i kvardagen vår i barnehagen. Vidare ynskjer me å ha eit ekstra fokus på å få til arbeid i mindre grupper som fungerer godt i kvardagen, og få til meir tid saman med dyra på garden. Me gler oss allereie til hausten.
ME YNSKJER ALLE EIN RIKTIG GOD OG FIN SOMMAR!
Trur det var mange i Vossabygda, i nabobygdene og elles i landet som benka seg framfor fjernsynet fredag 12.november for å sjå på Norge Rundt. Eit av innslaga denne kvelden var smalahovesviing i Vethe Gardsbarnehage. Det var eit fint med litt kort innslag. Stine Mari Sæle frå Nrk hadde fått med seg det viktigaste i smalahovesviingsprosessen og litt av smalahovefesten. Det vart ikkje vist noko frå flattbrødbakinga, laginga av istepudding (råmjølkspudding) og ridinga på Snipp som også stod på planen den dagen opptaket vart gjort. Dette og det at kanskje ikkje alle kom med på skjermen er slikt me ikkje styrer med. Men alt i alt eit flott innslag. Det var kjekt å sjå. Kanskje det gjev meirsmak....
Fredag 1.november kjem Norge Rundt på besøk i barnehagen vår
. Dei skal laga eit lite innslag om smalahove-sviing som skal sendast på Norge Rundt. Kor tid det skal sendast, veit me ikkje heilt enno. Men me gler oss 1.november og den dagen me kan sjå det på Norge Rundt,
Her ligger rammeplanen fastsatt av Kunnskapsdepartementet 1. mars 2006.