| |
Hei! Eg heiter Rigmor og er styrar i barnehagen. Eg er 30 år, og var med å starta opp barnehagen på Vethe hausten 2002. Eg utdanna meg til førskulelærar i Bergen, og reiste etter det eit år til USA, der eg trente hest og hund på heiltid. Men vestlandske fjell og fjordar lokka meg heim att, og eg fekk prøvd meg eit års tid i ein gårdsbarnehage på Sotra utanfor Bergen, før eg tok til som styrar her i barnehagen.Her likar eg meg godt. Eg er oppvaksen på ein av nabogardane til barnehagen, men no har eg imidlertid flytta til Vinje på Vossestrand, der eg bur i lag med mannen min og den vesle jenta vår, Borghild. Til jul ventar me ein liten baby igjen, og då kjem eg til å verta borte frå barnehagen i over eit år.
Rigmor
send epost
|
|