VETHE
GARDSBARNEHAGE AS

  • Vethe
  • 5700   VOSS
  • Tel: 56514100
  • Send oss e-post
Logg inn for å se alt innhold
Send e-post hvis du ikke får logget inn
  • Forsiden
  • Dyra våre
  • Sikkerheit
  • Uteområdet
  • Søknadsskjema
  • Nye opptaksreglar
  • Satsingsområde
  • Kokebok
  • Dokumentmappe
  • Bildegalleri
  • Gjestebok
  • 28184 sidevisninger
Avdelinger
  • VETHE
  • TUNET
Ansatte
  • Trude Vestrheim

    Pedagogisk leiar

    Send epost

  • Anne Irene Ukvitne

    Assistent

  • Olaug Soldal

    Assistent

  • Rannveig Rekve

    Assistent

  • Rigmor Ulvund

    Styrar

    Send epost

  • SISTE NYTT ANG. TUNET:

    10/02/2010

    10.02.10

    Me har desverre fått avslag får Vegvesenet på bruk av avkøyrsla til Tunet. Dette inneber i bestefall ei forseinking av prosjektet, i verste fall at det ikkje blir noko barnehage i det heile. Statens Vegvesen har eigne planar for vegstrekka frå Skrumlebua og vidare nordover mot Sundve. Vegen skal hevast og sikrast mot flaum, og då vil dei i same stund måtta gjere noko med avkøyrsla til Tunet. Dette arbeidet vil antagelig ikkje koma igang før tidlegast til neste år. Problemet for oss er at me må opna barnehagen innan utgangen av 2010. -dette har med økonomi å gjera, då all statleg støtte til nyetablerte barnehageplassar ikke lenger er ei sikkerheit etter 1. januar 2011. Det same gjeld investeringstilskot til nye barnehageplassar, noko som utgjer ein stor og avgjerande sum for Vethe Gardsbarnehage.

    Vegen vidare: me gjer oss ikkje med dette. Me søkjer no om ei bruksendring på avkøyrsla og ynskjer å koma i dialog med Statens Vegvesen ang. ei midlertidig løysing på problemet som alle brukarar kan vera tjent med. Sikkerheita må sjølvsagt vera hovudfokus, også får me ta det deretter. Oppdateringar i prosessen vil koma fortløpande her på heimesida.

    For dei av dykk som hadde søkt Tunet på 1.prioritet, så vil de anten behalda den plassen de har per i dag, eller evt. få tilbod om det ynskjet de har som 2.prioritet. Den dagen Tunet står klar til å opnast, vil de sjølvsagt på nytt få tilbod om plass hjå oss.

     

    03.02.10

    Eit samla Levekår vedtok i går å godkjenna den nye avdelinga vår på Vossestrand!      

     

    Men før me kan sleppa jubelen heilt laus, må me venta på ei uttale frå Statens Vegvesen ang. avkøyrsla til E-16. Det er klart at tiltak må setjast i verk for å trygga denne avkøyrsla før me kan starta barnehage, og me vonar no at Vegvesenet er viljuge til å sjå på alternative løysingar. Me kryssar fingrar, og er lova svar i nær framtid. I mellomtida går opptaket sin gang. Fyrstkomande fredag 5 feb. skal me ha opptaksmøte, og plassere dei borna som har søkt om byte av barnehage. Me har svært mange born på venteliste, og er glade for den massive responsen me har fått i bygda på prosjektet vårt!

    -----------------------------------------------------------------

    Vethe Gardsbarnehage AS er ein privat, heilårs barnehage som held til på Vethe. Barnehagen blir driven i tilknytning til garden, og borna får ta del i stell av dyra og det som elles skjer på garden igjennom året. Barnehagen legg stor vekt på uteliv og bruk av naturen, samt å ta vare på gamle tradisjonar og kulturskattar. Me tek i mot born i alderen 1,5 til 6 år.

    Ny avdeling på Vossestrand!

    Du kan lesa meir om denne avdelingen ved å trykka på linken TUNET til venstre. Der finn du også bileter frå Tunet.

    Plassering
    Barnehagen har hovudsete på ein gard i Vestbygdi på Bulken. Me høyrer inn under Voss Kommune i Hordaland, og det tar ca 12 min å køyre frå Voss sentrum til avd. Vethe. Den nye avdelinga på Vossestrand er lokalisert til Humlebrekke, like ved Skromlebura. Dette er den gamle garden der KrF-politikaren Jon Lilletun er oppvaksen. Det tar 15 min med bil til Voss Sentrum, og ligg like ved E-16.

     Åpningstider

    Begge avdelingane held ope 5 dagar i veka fra kl. 07.30 - 16.30. Me held feriestengt 4 veker kvar sommar, men er open i alle andre feriar så sant minst 5 born nyttar plassen. 5 dagar i året har me planleggingsdagar på lik linje med dei kommunale barnehagane og skulane. Barnehagen er då stengt for borna.

  • Rammeplan for barnehagen

    17/10/2007

    Her ligger rammeplanen fastsatt av Kunnskapsdepartementet 1. mars 2006.

    Les mer

Barnehagenyheter
  • Hele barn i gode barnehager

  • Barnevern til det beste for barna

  • Regjeringen snur ikke i barnehagestriden

  • Regjeringen snur i barnehagestriden

  • Renset barnehager for 21 mill

Se flere nyheter
Dokumenter du kan laste ned
  • Laste ned Månadsplan juni og juli Månadsplan juni og juli
    • Laste ned Månadsplan mai Månadsplan mai
      • Laste ned Årsplan Årsplan
        • Laste ned Vedtekter Vedtekter
          • Laste ned Info ved søknad om barnehageplass Info ved søknad om barnehageplass
          Se flere dokumenter