Snipp
Star - Det er no to hestar på garden att. Star er ein blandingsponni, welsh og daartmoor. Han er ein vallak på 11 år, og er litt større enn Snipp. Star er i utgangspunktet eldste jenta på garden sin hest, og vil ikkje verta så mykje brukt av barnehagen. Men litt kontakt vil me ha med han, då han går i lag med Snipp på beite og dei har stallplass attmed kvarandre i floren. Kanskje me vil ri og evt køyra litt med Star og. Star er ein snill og roleg hest, med godt lynne. Det ser ut som om Star og Snipp går godt i lag, og at dei er i ferd med å bli gode kompisar.
Sauene - på garden har me dalasau. Om vinteren er me i floren og kosar med sauene, og me ser til at alle har det bra. Når våren kjem, er det spennande å fylgja med på kven som får lam, kor mange dei får og om det er "gut eller jenta". Av og til må me hjelpa til med å gje lammene mjølk frå flaska. Og dei er så mjuke og gode å kosa med! Spesielt kjekt er det når me slepper sauene ut. Då leikar lam og born om kvarandre på tunet! Om sommaren er sauene på fjellet, og barnehagen tek gjerne ein dagstur på stølen for å sjå til sauene og oppleve litt ekte stølsliv. 6 åringane har fast tur kvar sommar på stølen med overnatting! Barnehagen har "sin" sau som me fylgjer litt ekstra med. Ho heiter Lussi, og me tek litt ekstra godt vare på ho gjennom vinteren når me er i floren og arbeider.
Lussi
Hopp og Sprett. Hopp og Sprett er kaninene våre. Dei bur i kaninhuset sitt ute i tunet i barnehagen. Dei er veldig glad i tørka brødskive, knekkebrød, kaninfor, høy, eple og gulrot. Dei likar og å gnaga på pinnar. Me må gje dei mat kvar dag og gjera reint i buret deira nokon dagar for veka. Hopp og Sprett er to kastrerte hann-kaniner fødd hausten 2008. Me fekk dei når dei var store nok til å flytta frå mammo si. Dei likar veldig godt at me kjem inn i buret til dei og vil kosa med dei, men når dei vil ha fred gøymer dei seg i huset sitt. Dei har lyst til å leika med oss, men forstår ikkje alltid at dei ikkje kan klora på kleda våre når dei vil ha kos.
Hopp Sprett
Misty – er pusekatten vår. Ho er mest Trude sin katt, men me låner ho litt alle sammen. Misty er ein flink musejeger, og tek seg gjerne ein blund inne på låven hjå oss. Det er godt å bli klødd bak øyra, og favorittplassen til pusen er på rekkverket utanfor vindauga vårt i barnehagen. Der sit ho og fylgjer med på det som skjer både inne og ute! Av og til når ho har fanga ei mus, må me halde begravelse for musa.

Balder - er ein golden retriever. Han er fødd i januar 2008. Balder er ein glad, snill og leiken hund. Han er veldig glad i born, og kunne eigentleg tenkt seg å leika med dei heile dagen. Han har fått seg hundehus og hundegard like ovanfor sandkassa vår, so der kan han sitja og fylgja med på alt me gjer når me er ute og leikar. Han driv fortsatt og lærer seg reglar for korleis han skal oppføra seg når det kjem folk i tunet, for då har han lyst å bjeffa litt. Men kvar dag blir han eldre og klokare, og etterkvart vil han få vera meir og meir med på dei aktivitetane me gjer. Han fylgjer oss gjerne på tur i skog og mark!
Bilde av Balder kjem snart!