VETHE
GARDSBARNEHAGE AS

  • Vethe
  • 5700   VOSS
  • Tel: 56514100
  • Send oss e-post
Logg inn for å se alt innhold
Send e-post hvis du ikke får logget inn
  • Forsiden
  • Dyra våre
  • Sikkerheit
  • Uteområdet
  • Søknadsskjema
  • Nye opptaksreglar
  • Satsingsområde
  • Kokebok
  • Dokumentmappe
  • Bildegalleri
  • Gjestebok
Avdelinger
  • VETHE
  • TUNET
  • Sikkerheit på garden!

    11/01/2010

     

    Styret og personalet i barnehagen har lagt ned mykje arbeid i å gjera barnehagen til ein trygg stad å vera for borna. Ein gard utgjer vanlegvis store fysiske farar for små born, og me har gjort vårt ytterste for at barnehagen skal vera ein sikker barnehage.

    Transport: me nyttar alltid hjelm når me rir på hest. Når det gjeld bruk av bil for å koma oss til andre stader i bygda, er praksisen hjå oss slik at de som foreldre avgjer korleis barnet dykkar skal vera sikra i bilen. De lyt setja at bilstolen/puta til dykkar barn i barnehagen om morgenen, slik at barnet nyttar sin eigen stol i bilen. Personalet nyttar eigne bilar, og bilstolar vert kun plasserte i trepunktsselar, evt. Isofix dersom bilen har dette.

    Tunet: er til ei kvar tid rydda og fri for maskiner og traktorar. Spikar, skruer og andre små gjenstandar vert rydda opp og borna kan springa barfot over grusen om sommaren! Hestehår, hestemøkk og andre dyreekskrement vert kosta vekk frå tunet.

    Låven: Låvebrua er sikra med mur og tett gjerde, slik at borna ikke kan klatra på det. Høybråtet er sikra med gjerde og nett slik at borna ikkje kan falla ned. Siloen er avsperra med fire veggar og forsvarleg låst dør slik at borna ikkje kan koma inn. Låvegolvet vert kosta dagleg og støvsugd fritt for støv og skitt minimum ein gong i veka. Det er kun eit vindauga på låven, og det er sikra med barnesperre. Inne i Bestemorstovo, som utgjer ein del av låven, har me laga ei nødutgangstrapp på utsida av vindauga.

    I floren: Inne i floren der dyra held hus, vart det gjort mange små tekniske endringar etter at bygget var ombygd i 1996. Alle dyra står sikra bak grinder, slik at borna ikkje kan koma inn til dei utan hjelp frå dei vaksne. Grindene er likevel av den typen at borna kan sjå dyra, og ta på dei, utan å måtta opna dei. Hestane står bundne på stallen, men har ei klatresikker og forsvarleg låst dør bak seg, slik at ingen born kan koma inn til dei utan vaksenhjelp. Døra er imidlertid ikkje so høg at borna ikkje kan sjå hestane!

    Omgang med dyra: Med jevne mellomrom tek personalet opp tema om dyra med borna. Kvar haust når me har fått nye born, går me t.d igjennom korleis me skal oppføra oss rundt hunden og hesten. Me snakkar mykje om korleis me skal gå fram mot ein hund, kor me skal klappa den, og at ikkje alle hundar er like snille som den me har i barnehagen. Det same gjeld hesten, at me ikkje skal gå rett bak rumpa på den, dra den i halen, eller køyre med syklane våre eller leiketraktorane når hesten står i tunet. Me har alltid hjelm på oss når me rir på hesten!

    I tilegg har hestane gjennomgått omfattande opptrening for å verta så rolege og tolmodige som dei er i dag. Me ser hestane veldig an, før me avgjer om dei er trygge nok til å nytta i barnehagen!