Vethe Gardsbarnehage ligg supert til i herlege, naturskjønne omgjevnader. Ingen annan barnehage i kommunen kan skilta med eit så flott og utfordrande uteområde som oss! Garden utgjer tilsaman 24 dekar, og me har ingen andre gjerder enn dei som i utgangspunktet omgjer garden. Me har heller ikkje stengde grinder, utanom på våren og hausten når sauene deler uteområdet med oss.
Me har uskrevne reglar på kvar borna får lov å opphalda seg og gå utan vaksne. Og desse ”reglane” finn borna fort ut av. Me i barnehagen har stor tru på at å visa borna tillitt og tru på at dei klarar å halda reglane sjølve, gjer sjølvsikre og tryggare born. Samt born som seinare viser oss tillit og respekt igjen. Dette har me god erfaring med.
Uteområdet består av dyrka mark, skog og steinar. I tillegg til bakkar, tuer, steinar og andre hindringar som tvingar oss til å løfte beina, har me flat grusveg og tun som er fint å sykla og køyra leiketraktor på.
Innanfor barnehagen har me ei stor slette tilgjengelig med skog, ope mark, steinar og nedfallne trær. Her har me sett opp lavvo, og laga oss ein fin kokeplass med bålovn der me kan både grilla, koka og steika. Her har me også slenghuska og andre kjekke fysiske utfordringar å bryna oss på!
På veg mot stølen har me bygd oss ei kvisthytta i lag med borna. Denne nyttar me ofte som turmål på sommarhalvåret. Ein dagstur til denne byr på gode fysiske utfordringar både for store og små! For å koma dit, fylgjer me ein spennande sti gjennom ein jungel av villnis, trær og buskar. Her finn ein også troll langs stien som ein gong fekk sol på seg og vart til stein...
Garden har tilhøyrande støl på Listre med ei forholdsvis nytt stølshus. Me går gjerne på tur på stølen nokre gonger i sommarhalvåret. Og det er tradisjon at førskuleborna reiser på overnatting der før dei sluttar i barnehagen. Det er bratt å gå, men borna er veldig flinke og motiverte når me går oppover.