"KOKKAR SMÅ - FLINKE OG GÅ"
For nokre år sidan begynte barnehagen på eit prosjekt om å laga si eiga kokebok. Me kom langt, og boka står no på avdelingen og er ofte i bruk.
Også dette året har me satsingsområde med tittelen: "Kokkar små, flinke og gå." Me hadde eit spennande og år i fjor, der me var mykje på tur og kokkelerte ute. Me tykkjer me enno har mykje ugjort innan dette området, og vil difor også nytta dette året til å gå turar i nærmiljøet, og utforska moglegheiter for matlaging ute i det fri. I den anledning ynskjer me å vidareutvikle kokeboka vår, evt laga ei eiga lite turmat-bok. Har du tips og ideàr å koma med, evt. etterlysningar så send oss ein e-post! Me nyttar ofte bålpanna og stormkjøkken når me kokar mat, og det betyr at me må ut og gå for å koma til kokeplassen. Grindbygget vårt, som no har erstatta lavvoen vår, håpar me vil verta eit like eit naturleg samlingspunkt som det lavvoen har vore. I grindbygget vårt står bålpanne Me likar og å pakka stormkjøkkenet i sekken, og koka mat når me er på turar i nærmiljøet vårt. I år har me mange små føtter i barnegruppa, og vil truleg dela oss i grupper der dei største borna er oftare på tur enn dei minste, men med trening og gode turerfaringar vil også dei etterkvart verta svært så flinke til å gå! Me har og som mål å dela tur- og koke-erfaringane våre med andre, og vil difor prøva å leggja oppskrifter og turtips ut på heimesida vår.